Program

"Levd liv" - og Tone

julekonsert_artister.jpg

"Levd liv" er tittelen på årets julekonsert i Stangvik kyrkje 11. desember, i regi av Laget Vårsøg. Vi byr på eit sterkt ensemble: romanitrubaduren Elias Akselsen, punkdronninga Betty Johnsen og trønderen Børge Pedersen, saman med vår eiga Tone Søyset Døving.

A-Julenatt-Cd.jpg

Les meir...

Billettsal

HELGAPASS til Vårsøghelga 2011 kan kjøpast i resepsjonen på Vårsøg Hotell, tlf 71 65 73 08. Prisen er berre 750 kroner for full tilgang til fire fantastiske festivaldagar!

BILLETTAR til enkeltarrangementa kan også kjøpast i resepsjonen på Vårsøg Hotell (tlf 71 65 73 08) eller på nett: billettluka.no.

 

Øverlandet

Garden Øverlandet på Øye er musikkpedagog og organist Ole Andreas Lindeman (1769-1857) sin fødestad.

Lindeman vart den dominerande musikkpedagog i Trondheim - «privilegert stadsmusicus» - gjennom eit halvt århundre. Han var også song- og musikklærar ved Trondhjems Borgerlige Realskole. I 1835 ga han med offentleg støtte ut den aller første norske koralbok, som vart distribuert til alle kyrkjer i Norge som hadde orgel.

Ole Andreas Lindeman og Anne Severine Hickmann hadde fem søner. Av disse vart tre organistar, medan ein vart prest og ein annan lege. Den eldste sonen, Frederik Christian, etterfulgte faren i Vår Frue kirke, Just Riddervold vart organist i Domkirken og Ludvig Mathias drog til Vår Frelsers kirke i Oslo.

Sistnemnde var far til musikkpedagog Peter B. Lindeman, som var leiar for Musikkonservatoriet i Oslo i mange år, og organist Kristian T. M. Lindeman som overtok som organist etter onkelen sin i Domkirken.