Program

"Levd liv" - og Tone

julekonsert_artister.jpg

"Levd liv" er tittelen på årets julekonsert i Stangvik kyrkje 11. desember, i regi av Laget Vårsøg. Vi byr på eit sterkt ensemble: romanitrubaduren Elias Akselsen, punkdronninga Betty Johnsen og trønderen Børge Pedersen, saman med vår eiga Tone Søyset Døving.

A-Julenatt-Cd.jpg

Les meir...

Billettsal

HELGAPASS til Vårsøghelga 2011 kan kjøpast i resepsjonen på Vårsøg Hotell, tlf 71 65 73 08. Prisen er berre 750 kroner for full tilgang til fire fantastiske festivaldagar!

BILLETTAR til enkeltarrangementa kan også kjøpast i resepsjonen på Vårsøg Hotell (tlf 71 65 73 08) eller på nett: billettluka.no.

 

Artistane 2011

Odd_Nordstoga_vrsgartist.jpg

ODD NORDSTOGA 

 

Songaren og komponisten frå Vinje i Telemark er ein av dei mest kjente og folkekjære musikarane i Norge, både som soloartist og gjennom samarbeid med artistar som Herborg Kråkevik og Sissel Kyrkjebø. Fekk sitt store gjennombrot i 2004 med soloalbumet “Luring”, som har selt over 150.000 eksemplar og som inneheld “Kveldssong for deg og meg” (den som førte til at alle gjekk rundt og song “Grisen står og hyler”...). Nordstoga vart både Beste mannlege artist og Årets artist under Spelemannutdelinga i 2005. Dei seinare åra har han berre styrka posisjonen i toppsjiktet av norske musikarar, med plateutgjevingar som “Heim te mor” (2006), “Pilegrim” (2008), “Strålande jul” (2009, saman med Sissel Kyrkjebø) og “November” (2010). 

Høyr Odd Nordstoga her: http://www.youtube.com/watch?v=BoIZkTSfLWs&feature=related 

 

MAG_500x277.jpg

M.A.G 

Mørkt, mystisk og melodisk: Det er stikkorda for Surnadal-bandet M.A.G. Gruppa kan kanskje plasserast i landskapet mellom DumDum Boys og Seigmen, men dei har eigenart og musikken er fylt med uventa vriar og imponerande arrangement. M.A.G gav ut debutalbumet “Magnolia” tidlegare i år. Bandet består av vokalist Johnny Nonsens Myklegard, gitaristane Frank sPoon Botten og Ola Langli, bassist Torbjørn Kvande, trommeslagar Jan Peter Husby og keyboardist Rolf Paulsen.

Høyr M.A.G her: http://www.youtube.com/watch?v=j3jkfAnBCt4

 

einarolavoggjermundlarsen_500x333.jpg 

EINAR OLAV OG GJERMUND LARSEN

Einar Olav (f. 1979) og Gjermund (f. 1981) frå Verdal er blant dei mest kjente og dyktige folkemusikarane i landet, og er både saman og kvar for seg travelt opptekne med ulike prosjekt. Gjermund er grossist i prisar, og vann Spellemannprisen for debutalbumet “Ankomst” i 2008. Har blant anna vunne Landskappleiken klasse A – vanleg fele to gonger og fått Kongepokalen. Våren 2008 vart han den første til å avleggje diplomeksamen i folkemusikk på vanleg fele ved Norges Musikkhøgskole i Oslo. Som orkestersolist har han spela med Kringkastingsorkesteret, Trondheim Symfoniorkester, TrondheimSolistene og Det Norske Solistkor. Einar Olav på si side er ein av få som er A-klasse-spellemann på både fele og hardingfele. Han er, slik som Gjermund, utdanna ved Ole Bull-akademiet og spelar i fleire ulike orkestersamanhengar.

 

 

Høyr Gjermund Larsen og TrondheimSolistene her: http://www.youtube.com/watch?v=Zjsj74sGsnI

TrondheimSolistene_500x282.jpg

TRONDHEIMSOLISTENE

 

Eit internasjonalt kjent kammerorkester, beståande av unge og talentfulle musikarar. Kombinasjonen av høgt musikalsk nivå, ungdommeleg energi og nyskapande profil, har sørga for at dei er fleire gonger Grammy-nominert i USA og fekk Spellemannprisen 2010 for CD-en "In Folk Style".

 

Høyr og sjå presentasjon av "In Folk Style": http://www.youtube.com/watch?v=bUBFFqhYzmY

 

Vold-Jan-Erik_500x371.jpg

 

JAN ERIK VOLD

 

Essayist, oversetjar, kulturdebattant, plateartist og ein av dei viktigaste lyrikarane i sin generasjon. Han har gjennom dikta og avisartiklane sine starta ei rekkje debattar om litteratur og politikk, og sto m.a. bak "Poesiåret 2000". I september 2000 vart Vold utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Oslo. I 1960-åra studerte han språk og litteratur ved universiteta i Oslo, Uppsala og Santa Barbara, California. Vold debuterte som lyrikar i 1965, og har sidan hatt ein omfattande produksjon.

 

Høyr Jan Erik Volde lese "Kulturuke": http://www.youtube.com/watch?v=Tz8hxErxhBI&feature=related

 

STEINARRAKNESKVARTETT2_500x192.jpg

 

STEINAR RAKNES QUARTET

 

Steinar Raknes starta dette bandet som sitt solo-prosjekt i 2007, og ga ut den kritikarroste debut-CD-en "Tangos, ballads & more" i 2008. Gruppa består av Steinar Raknes (kontrabass), John Pål Inderberg (barytonsax), Erlend Slettevold (piano) og Erik Nylander (trommer). Repertoaret er i hovudsak bassisten sine eigne låtar, i tillegg til norske folkemelodiar og latinamerikansk musikk som tango og bossa nova. Musikken er varm, melodisk og energisk, og kjem garantert til å skape stemning!

 

Audun-Iversen_500x375.jpg

 

AUDUN IVERSEN

 

Høgt prisa operasongar som etter at han gjekk til topps i Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse i 2007, vart raskt oppdaga også utanfor Norge. Audun Iversen har hatt tittelrolla i Eugene Onegin i København og Lille og har spela Grev Almaviva i Figaros bryllup i Berlin. I mai 2011 ventar Albert i Werther på Royal Opera House i London, og han blir også å sjå i Glyndebourne i sommar. Han har vore solist ved konsertar i m.a. Glasgow, Edinburgh, Oslo og Moskva.

 

Høyr Audun Iversen framføre "Ved Rondane" her: http://www.youtube.com/watch?v=PpGh3k8Of3I

 

ScolaSanctaeSunnivae_500x337.jpg

 

SCHOLA SANCTAE SUNNIVAE

 

Schola Sanctae Sunnivae og dirigent/kunstnarleg leiar Anne Kleivset står bak restaurering og framføring av gregoriansk materiale frå norsk og europeisk middelalder. Kvinnekoret har samarbeidd med ei rekke kjente artistar, og har turnert i m.a. Belgia, Estland, Frankrike, Ungarn, Spania og Danmark. 

Høyr Schola Sanctae Sunnivae her: http://www.youtube.com/watch?v=9uShPZAlfHU 

 

Batteri1_500x238.jpg

 

BATTERI

 

Surnadal-bandet er i stadig utvikling, og  har sidan oppstarten i 2006 opplevd stor suksess. Landsfinale i UKM, 2.plass i Melodi Grand Prix jr, deltaking i MGP Nordic, CD-utgjeving og høge plasseringar  både på Trøndertoppen og VG-lista er blant høgdepunkta for Hans Olav Settem (vokal, gitar), Stein Boge (gitar), Sondre Skogseth (bass), Brage Kristian Einum (keyboards) og Oddbjørn Sponås (trommer).

 

Sjå videoen til Batteri-låta "3003 - En barnehageodyssé" her: http://www.youtube.com/watch?v=mHkzMwVBgJ0

 

 

 

lina_johnson.bmp.jpg

 

LINA JOHNSON

 

Lina Johnson har for tida ei stor rolle i "La Boheme" og studerer ved operaakademiet i København. Ho har tidlegare vunne ei rekkje prisar og stipend, m.a. Leonie Sonnings stipend i 2008 og Norsk Kulturskoleråd og Norsk Tippings Drømmestipend i 2005.

 

safari_500x281.jpg

 

SAFARI

 

Safari er eit interkommunalt samarbeid mellom Surnadal og Sunndal. Det sju mann store orkesteret har eit vidtfemnande og publikumsvennleg repertoar som inneheld både dixieland, negro spirituals, standard jazzlåtar, latin og soul. Medlemmer: Ricky Senn (saksofon, voal), Torleiv Skjøtskift (trompet, flugelhorn, vokal), Per Gunnar Eidsør (trombone), Einar Sødergren (trommer), Olav Aune (tuba), Gudmund Husby (piano) og Lubomir Aleksandrov (gitar). 

 

 anders_larsen_500x211.jpg

ANDERS LARSEN

Surnadalingen studerte ved Musikkonservatoriet i Trondheim og Barratt Due musikkinstitutt. Anders Larsen avla sin diplomeksamen som solist med Kringkastingsorkesteret i Alban Bergs fiolinkonsert hausten 2004. Han er fiolinist i TrondheimSolistene, Trondheim Symfoniorkester og Famntak, og har vikariert som 2.konsertmeister og gruppeleiar 2. fiolin i Trondheim Symfoniorkester. Vikarierer jamt som 35.konsertmeister i Surnadal strykeorkester. (Foto: TSO)

skaidi_500x165.jpg

SKAIDI

Jazzbassist Steinar Raknes og tradisjonsjoikar Inga Juuso har skapt musikk som får isvinden på vidda til å stilne og mørketida til å framstå lun og vakker. I duoen Skaidi har dei rive jazz og joik laus fra sine respektive tradisjonar og skapt eit nytt, rått og grensesprengande uttrykk.

Høyr Skaidi her: http://www.youtube.com/watch?v=qHQ-KZadzTA&feature=related 

HenningSommerromedHansHyldbakksingamlegitar_500x333.jpg

 

HENNING SOMMERRO

 

Henning Sommerro er ikkje berre over alt som musikar under Vårsøghelga, han er også kunstnarleg leiar for festivalen. Det er mesta umuleg å oppsummere alt Henning har gjort i norsk musikkliv og etter kvart i utlandet. Han står bak Vårsøg (både gruppa og melodien til Hans Hyldbakk-diktet), har laga musikk for teater, ballett, film, opera, musikkspel, fjernsynsprogram, kyrkje- og kammermusikk, rekviem og gammeldansmesse. Berre for å nemne litt. På biletet spelar han på Hans Hyldbakk sin gamle gitar.

 

Høyr Henning Sommerro framføre "Svarrabærje": http://www.youtube.com/watch?v=02Oy3IbRfVE

 

inderberg_500x268.jpg 

 

JOHN PÅL INDERBERG

 

Allsidig saksofonist og Vårsøghelg-venn med sans for eit spontant musikalsk uttrykk. Kombinerer mange stiluttrykk mellom anna i samarbeid med norske og amerikanske jazzmusikarar, og har medverka på ei lang rekkje plateinnspelingar. To ytterpunkt blant Inderberg sine medmusikarar kan vere Lee Konitz og Henning Sommerro. Inderberg underviser også ved jazzlinja-NTNU i Trondheim.

 

Høyr John Pål Inderberg her: http://www.inderberg.com/index_no.html

 

 sandbuktmedgitaren_500x362.jpg

 

ØYSTEIN SANDBUKT

 

Spelar mest på akustisk stålstrenggitar, men spelar el-gitar og bassgitar der det trengs. Er tilsett som distriktsmusikar i Møre og Romsdal fylke, i gruppa "Fjord og Fjell". Øystein har bakgrunn frå rock og blues, men har i dei seinare åra fatta interesse for folkemusikk - noko som har resultert i ein mastergrad i tradisjonskunst, med fordjuping i folkemusikk, frå Høgskulen i Telemark. Har gitt ut CD-en "Normør" - eit utval av slåttar frå Nordmøre, overført frå fele til gitar.

 

Høyr Øystein Sandbukt her: http://www.myspace.com/sandbukt

 

 bgdaungdom.jpg

 

BØGDAUNGDOMMEN

 

Koret med dei unge medlemmene vart starta i samband med Surnadal Sparebank sitt store korslag i 2010. Der vart koret også heidra med ein eigen pris frå dei andre deltakarane. (Foto: Ole Trygve Foseide/Trollheimsporten)

 

bekkengjems_500x332.jpg

 

DR. BEKKEN & RICHARD GJEMS

 

Dr. Bekken, eller Tore Einar Bekken som han eigentleg heiter, er med sitt pianospel i blues- og boogie woogie-tradisjonen ei stor oppleving live! Han har også hovudfag i musikk med ei avhandling om pianotradisjon i New Orleans. Munnspelaren Richard Gjems har spela med omtrent alt som kan krype og gå av nasjonale og internasjonale bluesstjerner, slik som Fabolous Thunderbirds, Steinar Albrigtsen og Vidar Busk. Dr. Bekken og Richard Gjems si plate "Songs from a Forest" (2009) er rost opp i skyene av norske kritikarar. Dei formidlar jazz, blues og folkemusikk med røter frå Finnskogen til Louisiana, og ønskjer å gje lyttarane ei oppleving dei ikkje har hatt før. 

 

Høyr Dr. Bekken & Richard Gjems live her: http://www.youtube.com/watch?v=zy4uq-Lv918

 

Trygve_Brske.jpg

 

TRYGVE BRØSKE

 

Pianist, komponist og arrangør frå Stangvik, busett i Trondheim. Utdanna ved Trøndelag Musikkonservatorium og Conservatoire de Musique de Geneve. Har hatt det musikalske ansvaret fro fleire teaterstykke, revyar og cabaretar. Som komponist har han ein svært variert produksjon med m.a. bestillingsverk til Trondheim Kammermusikkfestival, ein heil del musikk for kor  og teatermusikk. Har gjeve fleire solokonsertar i Skandinavia og Sveits, og i tillegg medverka som kammermusikar ved festivalar rundt om i Europa. Er initiativtakar og kunstnarleg leiar for kammermusikkfestivalen Stangvikfestivalen, og er tilsett som førsteamanuensis i klaverfag ved NTNU.

 

 herreselskapet.jpg

 

HERRESELSKAPET

 

Vokalgruppa Herreselskapet frå Oslo er ein songglad gjeng somsørgar for å spreie stor stemning med mellom anna barber shop-musikk og drikkeviser. Gruppa har eksistert sidan 2002, og har tidlegare samarbeidd med Odd Børretzen.

 

Espen_Reinertsen_Eivind_Nordset_Lnning.jpg

 

REINERTSEN OG LØNNING

 

Saksofonist Espen Reinertsen og trompetist Eivind Nordset Lønning vart tildelt De Unges Lindemanpris 2010. Dei er to unge stilskaparar som brukar instrumentklangar og improvisasjon til å kreere sparsam, men inkluderande musikk der både stillheita og klangen fangar lyttaren. John Pål Inderberg, som vann Lindemanprisen og dermed fekk avgjere kven som skullle få De Unges Lindemanpris, seier mellom anna dette om Reinertsen og Lønning:  "Dei kommuniserer sine musikalske idéar godt internt og utviklar med dette eit lydhørt publikum. Og gjennom sine studier både ved Jazzlinja, NTNU og ved jazzutdanninga, NMH, har Reinertsen og Lønning skapt eit mangfaldig nettverk av medmusikarar som dannar ein basis for nasjonal og internasjonal turnéverksemd”.   

 

JonFaukstad_500x384.jpg

 

JON FAUKSTAD

 

Jon Faukstad er professor i trekkspel ved Norges musikkhøgskole. Har uroppført nyskrivne verk for akkordeon, gjort ei rekke konsertreiser i inn- og utland og radio- og TV-program. Har ein fot innanfor tradisjonsmusikk og dansemusikk, og spelte frå konfirmasjonsalderen til dans rundt om i Gudbrandsdalen. Rundt 1970 starta han eit samarbeid med felespelaren Hans W. Brimi som varde i 25 år og resulterte m.a. i ei rekke turnéar for Rikskonsertane, konsertreiser i USA og to plater saman med Mary Barthelemy på tussefløyte. Dei siste åra har Jon Faukstad hatt tett samarbeid med Per Sæmund Bjørkum, og dei har gjort radio- ogTV-program, plateinnspelingar og ei rekke turnéar i inn- og utland. Jon Faukstad har også allsidig erfaring som radio- og TV-medarbeidar, og var m.a. med og laga radioserien "Gammaldansen i Noreg".

 

Hans_Petter_Nilsen.jpg

 

HANS PETTER NILSEN

 

Lang fartstid i SIT (Studentenes Interne Teater) og Universitetsteatret, både som tekstforfattar, musikar og skodespelar. Nilsen har medverka i ei rekkje roller på Trøndelag Teater. m.a. Flettfrid tar saken, Trekkspillkrigen, 24 mislykte nordmenn, Lilleskogen, Norge, Midt-Norge, Revisoren, Fantastiske Pepsi Love, Ingen nordmenn savnet, Et juleeventyr og Kasimir og Karoline. Han er også kjent frå forestillingar som Pingvinhjelpen, Alle tiders julebord!, Den stundesløse og En folkefiende. I vår fekk publikum først sjå Hans Petter åleine på scena i Dario Fo-monologane Mistero Buffo og seinare i musikalen Rock'n Roll Wolf.

 

Shutu.jpg

 

JULIUS CHARO SHUTU

 

& IDD AZIZ KUNYA

 

Vårsøghelga 2009 vart ramma av heftig rytmefeber. No er Julius Charo Shutu (bildet) og Idd Aziz Kunya tilbake med afrikanske trommer og garantert heftig stemning! Den kenyanske musikaren Julius Charo Shutu har turnert i store delar av verda med The National Tumbao of Kenya og The Giriama Dance Troupe. Seinest i august 2006 turnerte dei i Japan. Også musikaren Idd Aziz Kunya kjem frå Kenya. Han har budd i Norge sidan januar 2004, og har jobba med born, musikk og dans sidan han kom til landet.

 Turid_Ren_Kroknes.jpg

TURID RØEN KROKNES

 

Mezzosopran frå Valsøyfjord med lang fartstid som songar. Debuterte i Universitetets aula i 1985. Har seinare gjort mange roller ved distriktsoperaene i Norge og vore på turné med Den Norske Opera. Har fått Bræinprisen, og skal vere Fru Guri av Edøy i sommar. 

 

 operakor.jpg

 

KRISTIANSUND OPERAKOR

 

Koret har godt og vel 40 medlemmer, og høyrer inn under Operaen i Kristiansund. Hovudoppgåva til koret er å delta i operaforestillingane under Operafestukene i februar, men dei har også konsertar og opptredenar i løpet av våren og sommaren.

Høyr Kristiansund Operakor under leiing av dirigent Elin Persson framføre "Vårsøg":

http://www.youtube.com/watch?v=dLHoNXcg9wc

 

E._Bverfjord.jpg

 

EISTEIN BÆVERFJORD

Eistein er trekkspelar, tusenkunstnar, pensjonist, filmskapar og kulturarbeidar med Kleivaprisen 2007 og fleire andre prisar i samlinga. Han har mellom anna fire førsteplassar i Noregs Bygdeungdomslag sine landstevlingar i song og musikk – den eine delte han forresten med Jon Faukstad, som seinare vart professor i trekkspel ved musikkhøgskulen i Oslo!