Program

"Levd liv" - og Tone

julekonsert_artister.jpg

"Levd liv" er tittelen på årets julekonsert i Stangvik kyrkje 11. desember, i regi av Laget Vårsøg. Vi byr på eit sterkt ensemble: romanitrubaduren Elias Akselsen, punkdronninga Betty Johnsen og trønderen Børge Pedersen, saman med vår eiga Tone Søyset Døving.

A-Julenatt-Cd.jpg

Les meir...

Billettsal

HELGAPASS til Vårsøghelga 2011 kan kjøpast i resepsjonen på Vårsøg Hotell, tlf 71 65 73 08. Prisen er berre 750 kroner for full tilgang til fire fantastiske festivaldagar!

BILLETTAR til enkeltarrangementa kan også kjøpast i resepsjonen på Vårsøg Hotell (tlf 71 65 73 08) eller på nett: billettluka.no.

 

Laget Vårsøg sin Julekonsert.

"Levd liv" - og Tone

”Levd liv” er tittelen på årets julekonsert i Stangvik kyrkje 11. desember, i regi av Laget Vårsøg. Vi byr på eit sterkt ensemble: romanitrubaduren Elias Akselsen, punkdronninga Betty Johnsen og trønderen Børge Pedersen, saman med vår eiga Tone Søyset Døving.

Borge-sorthv-m-gitar.jpg Bilde-Betty_lite.jpg ELias-Akselsen_lite.jpg
Trioen Akselsen, Johnsen og Pedersen gir verkeleg innhald til tittelen ”Levd liv”. Elias Akselsen har sjølv vandra landevegen i mange år. Dei siste åra er han tildelt mange prisar for musikken sin, inspirert av songtradisjonane til romanifolket (taterane).
Betty Johnsen har slite med rus og kreft, og hjelper no medmenneske i tilsvarande livskriser. Ho har vekt oppsikt med tre solo-CDar dei tre siste åra.
Børge Pedersen har markert seg sterkt som songar, skodespelar og cabarét-artist. Til våren gir han ut ei soloplate med Cornelis Vreeswijk på trøndersk.

Tones Julenatt

A-Julenatt-Cd-cover-krusedull-PDF.jpgTone Søyset Døving gir ut ein CD-singel med tre songar til jul. Alle songane har tilknyting til Nordmøre og heimbygda Todalen, og alle blir framført for fyrste gong under konserten i Stangvik kyrkje.
Tone syng den kjente ”Mitt hjerte alltid vanker” med ein mindre kjent melodi, frå Todalen.
”Juleverset” med nordmørsk melodi er ein av dei finaste julesongane våre, og altfor lite brukt utanfor Nordmøre. Tone syng òg tittelmelodien ”Julenatt”, frå TV-serien ”Fjellgarden i Trollheimen”, innspela på Kårvatn.

 

Stad: Stangvik kyrkje
Tid: 11. desember, kl. 19.00. MERK: Nytt tidspunkt!
Billett: Førehandssal på www.billettservice.no og ved døra før konsertstart.
Pris: kr. 270,-

 

LevdLiv_omtale_thumb.jpg

 

Les hele artikkelen her

 

Denne julekonserten har vorte til i god Vårsøgånd. Vi er, som mange vårsøghelgar har vore bevis på, ute etter det unike og det som er litt annleis i konsertane vi arrangerer. Denne er ikkje eit unntak.  Turneen Levd liv med artistane  Elias Akselsen, Børge Pedersen, Betty Johnsen  og vår eigen Tone Søyseth Døving  den einaste i sitt slag.
Det er ekstra artig at det er laget Vårsøg som får gleda av å presentere Tone sine nyinnspela CD, Julenatt på denne unike konserten. Elias Akselsen har vore invitert til Surnadal fleire gonger før og vi er utruleg glade for å endeleg kunne presentere han og hans unike stemmeprakt  for det nordmørske publikummet.

 

Vi oppfordrar folk til å vere raske med å bestille billettar på Billettservice.no.
Stangvik-kyrkja er stor, men vi har tru på at desse unike artistane kan hjelpe oss å fylle den. For at så mange som muleg i regionen skal kunne vere med, har vi sett konserttidspunktet til kl. 19.00.