Program

"Levd liv" - og Tone

julekonsert_artister.jpg

"Levd liv" er tittelen på årets julekonsert i Stangvik kyrkje 11. desember, i regi av Laget Vårsøg. Vi byr på eit sterkt ensemble: romanitrubaduren Elias Akselsen, punkdronninga Betty Johnsen og trønderen Børge Pedersen, saman med vår eiga Tone Søyset Døving.

A-Julenatt-Cd.jpg

Les meir...

Billettsal

HELGAPASS til Vårsøghelga 2011 kan kjøpast i resepsjonen på Vårsøg Hotell, tlf 71 65 73 08. Prisen er berre 750 kroner for full tilgang til fire fantastiske festivaldagar!

BILLETTAR til enkeltarrangementa kan også kjøpast i resepsjonen på Vårsøg Hotell (tlf 71 65 73 08) eller på nett: billettluka.no.

 

Vårsøghelga

Vi vil igjen ønske dykk velkomne til Vårsøglandet. Eit land utan geografiske grenser, ein tilstand, ein spire av stoltheit inst i hjarta, ein inspirasjon. For som Hans Hyldbakk skreiv i diktet, Kultursjå: ”Stort det er at folket ber slik kjærleik til kulturen”. Ja, stort er det, med den store kulturinteressa som nordmøringen har og flott er det for oss som driv med Vårsøghelga. 

 

Kulturfestivalen har blitt arrangert sidan 1995, og er eit allsidig arrangement for alle aldersgrupper. Diktet "Vårsøg" av Hans Hyldbakk og med melodi av Henning Sommerro har gjeve namn til festivalen, som har markert seg som ei årleg kulturhelg av høg kunstnarleg kvalitet. Basisen er i lokalsamfunnet og den lokale kulturhistoria, og Vårsøghelga har fått stor publikumsappell både lokalt, regionalt og nasjonalt. 

 

I år ønskjer vi velkommen til seminar og konsertar, utstillingar og pubkveld. Mykje av dette er knytt til det lokale kulturliv, men samstundes tek vi hit profesjonelle artistar til glede og inspirasjon. 

 

Mange av dei profesjonelle artistane som kjem til oss vil gjerne kome tilbake, og det håpar vi at du kjære publikummar, òg vil. Velkomne skal de vere.

 

Nyt Vårsøget!

 

 

 

svinvik.jpg

Vårsøg i Svinviks Arboret. Foto: Dordi Kjersti Mogstad